Utdanningsstipend 2009
Våren vil SMV dele ut to stipend á kr. 10.000,- til ungdom i distriktet. Du som er mellom 16 og 18
år kan søkje fram til 3. april 2009.
SMV har bruk for ivrig og talentfull arbeidskraft som likar det dei held på med. I dag har me eit godt miljø med mange svært flinke folk. Men me vil alltid vera interessert i å knyta til oss unge, engasjerte og idérike medarbeidarar med lokal forankring. Med å dele ut stipend vil me hjelpe lokal ungdom til å utdanne seg innan fagområder SMV satsar på. Er dette innan ditt interessefelt så send oss ein søknad på ungdom@smv.as